Magasin for oljebasen i Florø

Bli med inn

Vi i A til Å er opptatt av å fortelje dei gode historiene. Anten vi jobbar med grafisk design, skriv historier eller fortel med bilde er det viktig at vi treff mottakaren. Vi har alltid fokus på den du skal treffe der ute. Er det folk flest, politikarar, næringsliv eller litt av alt? Det er viktig å tenkje på  når ein sender frå seg ein bodskap som skal vere med å byggje bru – mellom avsendar og mottakar – mellom deg og kunden din.

På tampen av 2016 gav vi ut  fleire magasin, som skal treffe folk flest – for å bevisstgjere og informere om kva som føregår seg i Florø.

Nytt fra INC er magasinet der bedriftene på Fjord Base fortel om sin aktivitet, og gjer folk flest eit innblikk i kva som skjer på ein stor og viktig arbeidsplass.

Bli med inn i Horne Brygge har opna mange auge for kor stor aktivitet og kor mange arbeidsplassar ein finn i Horne Brygge midt i Florø.

Når vi lagar magasin tar vi oss av alt – frå intervju, foto, grafisk oppsett, trykk og ditribusjon. Treng du hjelp til finansiering (annonse) tar vi oss av det og. Her finn du fleire magasin vi har produsert.

Responsivt webdesign

5 grunnar for at A til Å bør lage nettsida di

  1. Vi set opp alt frå A til Å,
    og du slepp å tenke på det tekniske. Med på kjøpet får du god personleg service og tett samarbeid. Serverplassen som vi tilbyr er konstant overvåka og er svært godt forsikra
  2. Nettsida får eit moderne design,
    blir oversiktleg og enkel å forstå.
  3. Vi legg vekt på at nettsida skal vere engasjerande
    med spissa innhald om verksemda di, som igjen styrkar merkevara di. Vi hjelper deg med å fortelje dei gode historiene.
  4. Unngå straff få Google
    med ei moderne mobilvennleg responsiv nettside. Gamle nettsider utan responsivt design fell langt ned på Google sine søkelister.
  5. Du bestemmer om du vil oppdatere innhaldet
    på nettsida di sjølv – eller om vi skal gjere det for deg. Vi hjelper deg med effektiv bruk av sosiale media.

Alle bedrifter treng ei profesjonell og mobiltilpassa nettside, der kundane enkelt kan finne rett informasjon. Vi i A til Å er opptatt av å bygge bru mellom bedrifta di og kundane dine.

Det er avgjerande at nettsida er imøtekommande, og førsteinntrykket kan avgjere om du får ein ny kunde eller ikkje. Vi byggjer nettsida di slik at den tydeleg kommuniserar kva bedrifta di tilbyr.

Sjå meir på referansesida vår

Bravo Seafood - A til Å

Bravo bravissimo!

Bravo Seafood er ein dyktig og kjekk gjeng, som driv med sal av laks og ørret. Desse glade laksane, som held til heilt i sjøkanten i Horne Brygge, er av ein av våre gode kundar – og naboar.

Vi er i gang med fleire større prosjekt for Bravo og då må det takast bilete. Kystbyens fotograf Egil Aardal er i gang med å forevige Bravo-gjengen. Laksen og den kalde fjorden er viktige element for dei som jobbar i og med ei framtidsretta næring i det blå hav.

Bravo for Bravo Seafood!

Med Tor i segla

Med Tor i segla

HeimekonTOR

Fredag morgon fekk eg nesten havregrynsgrauten i halsen. Kofferten var pakka og eg var klar for å ta båten til jobb. Etter planen skulle eg sette meg i bilen og køyre til Bergen etter arbeidstid, for å vere besta og barnevakt i helga. På radioen sa dei NEI, NEI, NEI. Stemma inn i meg sa JA, JA, JA, og at dette ekstremvêret er noko media hausar opp…. men etter at grauten var komen vel ned i magen og eg hadde gått to turar fram og tilbake over golvet innsåg eg at det vart landligge og heimekontor.

Nytt og nett

Så lenge det er liv i telefon og nett er heimekontor ei god avveksling. Eg fekk retta opp dei siste skriveleifane i nyheitsbrevet til Origod og kunne jobbe i fred og ro med nettsida til Florø Seilforening. Bilda med seglbåtar som forsvinn inn i solnedgangen, minte meg på at vi er heldige som har eit slikt varierande klima. Nettsida er ein prøveklut i forhold til ei ny plattform som eg skal lære meg, og framgangsmåten har så langt vore å prøve og feile. Med arbeidsstad heime åleine i stormen fekk eg til og med tid til å sjå skikkeleg gjennom nokre opplæringsvideoar. Ikkje dumt!

Båt og bruk

Skal innrømme at eg ikkje sat pal på jobb heile dagen. Husbonden og eg hadde oss nokre turar rundt og såg til båtar, bruk og sauer. Ekstremvêret Tor var ein fasinerande gjest, og det var heldigvis dagslys då floa og stormen kom hand i hand inn Rekstafjorden. Sjøen skvatt godt innover buene og kaiene. Det var utan tvil litt skummelt å klatre om bord i den 33 fot store sjarken til junioren mens Tor reiv og sleit i fortøyingane. Trossa som var festa i land på andre sida av Rekstavågen måtte strammast, og kva gjer ikkje mor for å redde båten og æra til guten som er på rakadisen.

Grisehyl i pipa

Det var først etter klokka 18 at den hissige gjesten verkeleg gjorde seg gjeldande. Rekstafjorden var ei kvit kave,  vi mista straumen – og arbeidsdagen var uomtvisteleg over både ute og inne. Eg prøvde å finne roa med stearinlys, batteriradio, strikketøy og fyr i omnen. Det høyrdes ei stund ut som det sat ein grylande gris inne i pipa, eit fenomen som vi også opplevde då Dagmar var på besøk. Vi er vande med at huset knakar i uvêr, men grisehyl og ristande golv er lite sjarmerande. Etter to – tre timar var det verste heldigvis over Då fekk eg ei æresrunde i vegvaktaren sin traktor, over ei mørklagt øy. Vi kunne slå fast at Tor hadde ruska på, men alle båtar låg ved kai og ingen store skader var å sjå. Flora Seglforening si nye nettside har og landligge – til vi får straumen og nettet tilbake.

Fly Oslo - Florø

Round and round and round

På bilturen heim i dag, frå Førde til Florø, høyrde eg på radioprogrammet PILS. Der spelte dei Cliff Richard sin song Flying Machine.

I can fight with the wind,
I can fly on my head,
I can dance in a spin,
In my flying machine,
I go up, I go down, I go round and round and round,

Det var ei god oppsummering av mine flyopplevingar dei siste dagane. Onsdag ettermiddag tok eg fly frå Florø til Oslo, og det slo meg at det er utruleg fort gjort. Etter ein flygetur på 55 minutt hadde eg forflytta meg frå kystbyen i vest til tigerstaden i aust.

Tekst og vold

Målet for turen var av det både nyttige og kjekke slaget. Torsdag var eg på konferansen Best i tekst, der eg som tekstforfattar fekk godt fagleg påfyll. Fredagen var det kundemøte med den legendariske leiaren av Krisesentersekretarietet – Tove Smaadahl. Vi har tidlegare laga to brosjyrer for dei – «Alle barn er alles ansvar» og «Vold mot eldre». No er vi i sluttfasen med «Vold mot personer med nedsatt funksjonsevne». Å møte Tove er alltid kjekt, og vi var einige om at no står det berre noko småplukk igjen før den tredje brosjyra er i boks. Det er ein vanskeleg bodskap å formidle, men Krisesentersekretariatet har så langt gitt oss gode skussmål.

Retur – tur – retur – tur

Det som stod igjen av Osloturen var litt shopping før eg skulle returnere flyvegen heim igjen. Som den gode sunnfjordingen eg er, møtte eg opp på flyplassen i god tid før flyet skulle gå klokka 18. Så starta moroa. Vi fekk ein ullen beskjed om at flyet var utsett til klokka 21. Saman med ein rådmann, ein bedriftsleiar, ei nytilsett dame i NHO og ein høggravid fødselslege enda eg på kafé, der vi meiska oss med kvalitetsmat ala hamburger og pommes frites, på Widerøe si rekning. Selskapet var triveleg, og praten rundt bordet gjekk om frå alt frå griseoppdrett til keisersnitt. Ein ting hadde vi felles; alle var passeleg trøytte og leie av å vente.

Så var det ny beskjed om utsetting til klokka 22. Då kom eg på den lure idéen å booke om til Førdeflyet kl. 22.15, sidan eg likevel skulle til Førde i bursdag dagen etter. Klokka 22 vinka eg farvel til  Florøfolka og venta på å få komme om bord i Førdeflyet. Men den gong ei…. flyet til Førde vart utsett. Endeleg rundt klokka 23.30 letta vi, men det var eit stort MEN. Flyet var så stort at vi måtte fly til Florø. Derifrå bar det avgarde med buss austover. Klokka halv to (!) om natta kom eg på besøk til bror min i Førde. At han har «katten frå helvete», som vekte meg kl 6 er ei anna historie.

I kveld skal eg roe ned med eit av dei vakraste jazzlåtane eg veit om; Fly me to the moon!

A til Å legg egg i januar

Egglegging i januar

Januar er tida for å «legge egg» i vår bransje. Vi står på for å skaffe oss nye oppdrag, og ved hjelp av stort nettverk og iherdig dørbanking fyllest ordrebøkene sakte men sikkert for 2016.

For tida er vi i startfasen med mange nye prosjekt for gamle og nye kundar. Vi jobbar både digitalt og på papir, og er opptekne av å fortelje dei gode historiene – anten vi gjer det via nyheitsbrev, brosjyre, magasin, logoutvikling, nettside eller facebookside. Ikkje nøl med å ta kontakt om du vil ha hjelp til å fortelje dine historier.

Vi skal også i år ha ansvaret for Sogn og Fjordanestanden, på vegne av fylkeskommunen – på verdas største fiskerimesse i Trondheim. Det er mange avtalar og detaljar som må vere på plass før det brakar laust i august. Fiskeri- og havbruk er viktige næringar for oss og mange bedrifter i fylket.

I desse dagar har vi ferdigstilt fleire ny nettsider – i mange ulike bransjar:

transferd.no

petroleumservices.no

terjehagen.no

kolbjorntunet.no

Vi i A til Å ser lyst på 2016!

Godt nytt år 2016 frå A til Å

Nytt år – nye og gamle muligheiter

Eit ordtak seier at «Mange ser fram til det nye året for å starte på nytt med gamle vanar». Slik har vi det vel tildels alle. Vi er dei same gamle, men ved årsskifte er det eit høve til å tenke nye tankar og sjå på nye muligheiter. Vi i A til Å har i alle fall bretta opp armane for å ta i mot det nye året. Vi har nyopplada batteri og er klare for innsats.

Treng du ny og betre marknadsføring i det nye året? Treng du å fortelje om di bedrift og dine varer eller tenester på ein ny måte? Vi er gjerne med og fortel dei gode historiene dine, både på papir og digitalt. Kanskje treng du ein ny logo – eller å freshe opp den gamle? Vi har både kunnskap og erfaring. Ta ein kikk på referansesida vår, for å sjå noko av det vi har jobba med.

Nøl ikkje med å ta kontakt for ein uforpliktande prat.

God jul frå A til Å!

God jul frå A til HÅ HÅ HÅ

God jul frå oss i A til Å!

 

Fjord Base 30 år

Vi gratulerer oljebransjen i Florø

Fjord Base og INC feirer 30 år i desse dagar. A til Å har følgt oljeeventyret sidan starten på 80-talet, og stiller oss i rekkja av gratulantar! Vi trur på 30 nye år med suksess og viktige arbeidsplassar i oljebyen.

GDF som no har skifta namn til ENGIE har drive Gjøaplattforma rett vest av Florø i 5 år. Vi gratulerar og ønskjer lukke til vidare!

A til Å har laga INC si jubileumsutgåve av «Nytt fra INC»

Vaardal Blikk 100 år

Vaardal Blikk 100 år

Vaardal Blikk og ventilasjon etablerte seg i Florø i 1915. Vi gratulerar dei med 100 års-jubileet! I samband med jubileet har vi laga jubileumshefte – der vi har samla litt historie, gamle annonser, dagens situasjon og intervju med leverandørar og kundar. Saman med Vaardal Blikk har vi fortalt historiene om Vaardal Blikk frå starten med melkespann og taktekking i 1915 til dagens fasadar av  sandwichelement og moderne ventilasjon.

Bla deg gjennom Vaardal Blikk sitt jubileumsmagasin

Vi i A til Å har og så laga nettside og facebookside til Vaardal Blikk og Ventilasjon:

www.vaardalblikk.no

https://www.facebook.com/vaardalblikk