Lærling Cubus

Nytt nummer av PROaktiv

Vi har laga ei ny utgåve av PROaktiv, som er Pro opplæringskontoret sitt magasin. Dei gir ut 2 nummer av magasinet for året. Bladet går ut til alle medlemsbedriftene og lærlingane som er knytt til opplæringskontoret for industri- og teknologifag. Elles blir det delt ut ved skulebesøk, messer og andre stader ein kan rekruttere elevar, lærlingar og lærebedrifter.

Denne gongen var Lærlingmerke det gjennomgåande tema, som er ei merkeordning som skal vise kva bedrifter som er godkjente lærebedrifter. Vi har vore på besøk til 5 nye lærebedrifter og har intervjua både leiing og lærlingar i bedriftene.

  Les det nye magasinet her.

Knutholmen

Nettside og film til Knutholmen

A til Å har laga ny nettside og film til Knutholmen i Kalvåg. Målet har vore å vise fram det unike som familien Fosse har fått til, med overnatting, god mat, gode opplevingar og konferanseplass – i kystperla Kalvåg.

Film Knutholmen

 

  Ny nettside for Knutholmen

 

skjongholm.no

Nettside til Skjongholm

A til Å har laga nettside til fiskebåtreiarlaget Skjongholm – Garnbåten frå Hovden i Flora.

Skjongholm driv tradisjonelt heilårs garnfiske etter torsk, sei og lange – med andre artar som hyse, lyr, breiflabb, lysing, brosme, kveite og steinbit som bifangst. Skjongholm har 17 tilsette fordelt på 2 skift.

A til Å jobbar mykje med firma innan fiskeri og havbruk.
Sjå den flotte nettsida til fiskarfamilien Nilsen på Barekstad:

skjongholm.no

Havbruksmagasin SF 2015

Havbruk i Sogn og Fjordane

I 2015 har vi produsert magasinet Havbruk i Sogn og Fjordane, på oppdrag frå fylkeskommunen. Her har vi gjort heile jobben frå A til Å. Vi har reist rundt og snakka med oppdrettarane og leverandørane til havbruksnæringa i heile fylket. I magasinet har vi prøvt å vise eit speilbilde av næringa i fylket, med alt frå fôrproduksjon, tareforedling, lusekamp, visningssenter m.m.

Etter at historiene er skrivne og motiva fotografert har vi stått for det grafiske arbeidet med magasinet – før det er sendt til trykk. Havbruksmagasinet skal vise politikarar, ungdommar, folk flest … kva havbruksnæringa i fylket står for. Magasinet var klart til Aqua Nor messa i august.

Les havbruksmagasinet her