A til Å løfter fram fiskeriflåten i Flora

Fiskeriflora i våre hjarte

Vi i A til Å har alltid vore opptatt av det lokale næringslivet i kystbyen, og alt som er knytta til havet og fiskeri har hatt ein ekstra stor plass i den interessa – eller for den del i hjarta våre. Slik vi ser det har fiskerinæringa vore ei gløymt næring her i byen, på den måten at folk ikkje lenger ser kva arbeidsplassar og verdiar denne næringa står for. Flora har mellom anna Norges største havgående garnflåte.  Dei har starta eit pionerarbeid med heilårsfiske i Nordsjøen. Fiskeribyen har fylkets største ringnotbåt, vi har kystnotbåt som er ekspert på størjefiske og vi har mange mindre sjarkar som driv med kystfiske, og som på etterjulsvinteren dreg samla nordover til Lofotfiske.

Felles bilde og video
Dette er ei utruleg spennande næring som tilfører lokalsamfunnet store verdiar i form av arbeidsplassar, innkjøp av utstyr og ikkje minst rein mat frå havet. Fiskebåtene er sjeldan i ro, men 30. desember 2017 klarte vi å samle mesteparten av Flora-flåten til eit felles bilde på Florevika. Vi var heldige med vêret og fekk tatt mange flotte bilde og ein flott presentasjonsfilm med drone. Saman med reiarlaga og fiskarane vil vi bidra til å løfte fram denne tradisjonsrike og innovative næringa – som alle i Flora har all grunn til å vere stolte av.

Magasin og nettside
I desse dagar jobbar vi med eit magasin, der vi skal presentere fiskerinæringa, dei ulike reiarlaga og menneska bak denne viktige næringa. Magasinet skal distribuerast til husstandene i Flora rundt 8. mars. Vi har og laga ei eiga nettside for næringa.

fiskeriflora.no