Med Tor i segla

Med Tor i segla

HeimekonTOR

Fredag morgon fekk eg nesten havregrynsgrauten i halsen. Kofferten var pakka og eg var klar for å ta båten til jobb. Etter planen skulle eg sette meg i bilen og køyre til Bergen etter arbeidstid, for å vere besta og barnevakt i helga. På radioen sa dei NEI, NEI, NEI. Stemma inn i meg sa JA, JA, JA, og at dette ekstremvêret er noko media hausar opp…. men etter at grauten var komen vel ned i magen og eg hadde gått to turar fram og tilbake over golvet innsåg eg at det vart landligge og heimekontor.

Nytt og nett

Så lenge det er liv i telefon og nett er heimekontor ei god avveksling. Eg fekk retta opp dei siste skriveleifane i nyheitsbrevet til Origod og kunne jobbe i fred og ro med nettsida til Florø Seilforening. Bilda med seglbåtar som forsvinn inn i solnedgangen, minte meg på at vi er heldige som har eit slikt varierande klima. Nettsida er ein prøveklut i forhold til ei ny plattform som eg skal lære meg, og framgangsmåten har så langt vore å prøve og feile. Med arbeidsstad heime åleine i stormen fekk eg til og med tid til å sjå skikkeleg gjennom nokre opplæringsvideoar. Ikkje dumt!

Båt og bruk

Skal innrømme at eg ikkje sat pal på jobb heile dagen. Husbonden og eg hadde oss nokre turar rundt og såg til båtar, bruk og sauer. Ekstremvêret Tor var ein fasinerande gjest, og det var heldigvis dagslys då floa og stormen kom hand i hand inn Rekstafjorden. Sjøen skvatt godt innover buene og kaiene. Det var utan tvil litt skummelt å klatre om bord i den 33 fot store sjarken til junioren mens Tor reiv og sleit i fortøyingane. Trossa som var festa i land på andre sida av Rekstavågen måtte strammast, og kva gjer ikkje mor for å redde båten og æra til guten som er på rakadisen.

Grisehyl i pipa

Det var først etter klokka 18 at den hissige gjesten verkeleg gjorde seg gjeldande. Rekstafjorden var ei kvit kave,  vi mista straumen – og arbeidsdagen var uomtvisteleg over både ute og inne. Eg prøvde å finne roa med stearinlys, batteriradio, strikketøy og fyr i omnen. Det høyrdes ei stund ut som det sat ein grylande gris inne i pipa, eit fenomen som vi også opplevde då Dagmar var på besøk. Vi er vande med at huset knakar i uvêr, men grisehyl og ristande golv er lite sjarmerande. Etter to – tre timar var det verste heldigvis over Då fekk eg ei æresrunde i vegvaktaren sin traktor, over ei mørklagt øy. Vi kunne slå fast at Tor hadde ruska på, men alle båtar låg ved kai og ingen store skader var å sjå. Flora Seglforening si nye nettside har og landligge – til vi får straumen og nettet tilbake.