Fly Oslo - Florø

Round and round and round

På bilturen heim i dag, frå Førde til Florø, høyrde eg på radioprogrammet PILS. Der spelte dei Cliff Richard sin song Flying Machine.

I can fight with the wind,
I can fly on my head,
I can dance in a spin,
In my flying machine,
I go up, I go down, I go round and round and round,

Det var ei god oppsummering av mine flyopplevingar dei siste dagane. Onsdag ettermiddag tok eg fly frå Florø til Oslo, og det slo meg at det er utruleg fort gjort. Etter ein flygetur på 55 minutt hadde eg forflytta meg frå kystbyen i vest til tigerstaden i aust.

Tekst og vold

Målet for turen var av det både nyttige og kjekke slaget. Torsdag var eg på konferansen Best i tekst, der eg som tekstforfattar fekk godt fagleg påfyll. Fredagen var det kundemøte med den legendariske leiaren av Krisesentersekretarietet – Tove Smaadahl. Vi har tidlegare laga to brosjyrer for dei – «Alle barn er alles ansvar» og «Vold mot eldre». No er vi i sluttfasen med «Vold mot personer med nedsatt funksjonsevne». Å møte Tove er alltid kjekt, og vi var einige om at no står det berre noko småplukk igjen før den tredje brosjyra er i boks. Det er ein vanskeleg bodskap å formidle, men Krisesentersekretariatet har så langt gitt oss gode skussmål.

Retur – tur – retur – tur

Det som stod igjen av Osloturen var litt shopping før eg skulle returnere flyvegen heim igjen. Som den gode sunnfjordingen eg er, møtte eg opp på flyplassen i god tid før flyet skulle gå klokka 18. Så starta moroa. Vi fekk ein ullen beskjed om at flyet var utsett til klokka 21. Saman med ein rådmann, ein bedriftsleiar, ei nytilsett dame i NHO og ein høggravid fødselslege enda eg på kafé, der vi meiska oss med kvalitetsmat ala hamburger og pommes frites, på Widerøe si rekning. Selskapet var triveleg, og praten rundt bordet gjekk om frå alt frå griseoppdrett til keisersnitt. Ein ting hadde vi felles; alle var passeleg trøytte og leie av å vente.

Så var det ny beskjed om utsetting til klokka 22. Då kom eg på den lure idéen å booke om til Førdeflyet kl. 22.15, sidan eg likevel skulle til Førde i bursdag dagen etter. Klokka 22 vinka eg farvel til  Florøfolka og venta på å få komme om bord i Førdeflyet. Men den gong ei…. flyet til Førde vart utsett. Endeleg rundt klokka 23.30 letta vi, men det var eit stort MEN. Flyet var så stort at vi måtte fly til Florø. Derifrå bar det avgarde med buss austover. Klokka halv to (!) om natta kom eg på besøk til bror min i Førde. At han har «katten frå helvete», som vekte meg kl 6 er ei anna historie.

I kveld skal eg roe ned med eit av dei vakraste jazzlåtane eg veit om; Fly me to the moon!