Er du eit tekstmenneske med sans for det visuelle?

A til Å er eit uavhengig, lite og fleksibelt designstudio med triveleg kontor i hjartet av Florø. Vi jobbar strategisk, kreativt og effektivt med prosjekt for kundane våre i ulike bransjar. Dei fleste er lokale, men òg nokre nasjonale. Tenestene våre spenner frå grafisk design og visuell identitet, reklame og innhaldsproduksjon til utvikling av nettsider og magasin.

No søker vi ein tekstforfatter/kommunikasjonsrådgjevar i 100 % stilling på kontoret i Florø. Er du glad i ord, trivst med tempo og likar å jobbe tett på kundar? Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Kva går jobben ut på:

  • Du vil skrive artiklar og korte tekstar som engasjerar lesaren
  • Du vil bygge nettsider i WordPress, alt frå det visuelle til teksten på nettsida.
  • Du vil planlegge og produsere innhald til nettsider og sosiale kanalar
  • Vere i kundemøter – og pitche ein idé

Vi har kundar innan ulike bransjar og det reflekterast i arbeidskvardagen. I løpet av ei veke kan du jobbe med fleire spennande oppdrag. Du kan til dømes jobbe med ei nettside, skrive eit par artiklar og pitche ein idé til ein kunde. Her er det alltid noko på gong og ingen dagar er heilt like.

Vi trur at du:

  • Skriv godt, både på nynorsk og bokmål
  • Er sjølvgåande, strukturert og trivst med tempo
  • Likar å jobbe i team
  • Likar å snakke med kundar og er proaktiv

Hos A til Å får du:

  • Vere med å forme et byrå i hjartet av Florø
  • Jobbe med spennande kundar innan mange ulike bransjar
  • Ein kvardag med mykje ansvar og fleksibilitet
  • Knakande kjekke kollegaer, heilt objektivt sett
  • Sjansen til å bli medeigar i eigen arbeidsplass

Vi held til i hyggelege lokale på Horne Brygge (Strandgata 17) i Florø og her vil du ha kontorplass.

Her kan du sjå litt av dei prosjekta vi har jobba med tidlegare.

Kjenner du deg igjen og syns det høyrest spanande ut? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Send søknad, CV og nokre ord om deg sjølv til dagleg leiar: lotta@atilaa.no.