Heim2025-06-17T11:24:13+02:00

Design og kommunikasjon frå A til Å

Eit lite og kreativt byrå, midt i hjartet av Florø.

Vi brenn for å formidle dei gode historiene.

Vi trur historieforteljing er den smartaste måten å bygge ei merkevare på. Dei gode historiene – fortalt gjennom tekst, bilde, film, SoMe, annonser, nettsider eller grafisk design – reflekterer ekte produkt og tenester, og er avgjerande for både kundelojalitet og rekruttering.

Du finn oss – og det trivelige kontoret vårt – i 4. etasje på Horne Brygge i Strandgata 17 i kystbyen Florø.

Vi hjelper deg gjerne med:

Vi brenn for å fortelje dei gode historiene, anten det er på 3 sekund eller 3 minutt.

Menneska er den viktigaste ressursen i bedrifta di – og der det finst menneske finst det gode historier. Vi finn, skapar og formidlar dei gode historiene, og sørger for at dei vert delt i dei rette kanalane – anten det er i eit magasin, på ei nettside eller i sosiale kanalar. Vi meiner at historiefortelling er den smartaste måten å bygge ei merkevare, tiltrekke seg kundar og rekruttere tilsette. Visste du at ei god historie kan løfte Google-rangeringa di?

TEKST

Ein god tekst kommuniserer bodskapen din effektivt og engasjerer målgruppa. Vi skriv tekstar til alt frå nettsider, nyheitsbrev, sosiale medier, artiklar, pressemeldingar og meir. Vi tilbyr også korrekturlesing, forbetring av eksisterande tekstar, samt produksjon og oversetting mellom norsk og engelsk.

FOTO & FILM

Treng du nye bilete til nettsida eller i marknadsføringa? Eller ønsker du ein informasjonsfilm, ein promofilm eller fleire korte SoMe-filmar? Vi har eit breidt nettverk av dyktige fotografar og filmskaparar som produserer innhald av høg kvalitet som står i stil med den visuelle profilen til bedrifta di. Vi finn den rette personen for oppdraget, og arbeider tett for å skreddarsy den beste løysinga for deg.

Visuell historieforteljing fangar merksemda vår på ein unik måte. Film og foto vekker kjensler og skapar engasjement.

EMPLOYER BRANDING

Vi hjelper deg med å finne den unike historia til bedrifta di – og formidle ho slik at fleire får lyst til å jobbe hos deg. Saman utviklar vi innhald som tiltrekker, inspirerer og engasjerer dei rette folka.

Vi designar responsive og informative nettsider som treff målgruppa di. Anten du treng nettstaden på fleire språk, med arrangementskalender eller ei enkel nettside, hjelper vi deg med å utvikle ei nettside som engasjerer og inspirerer. Vi er med på heile prosessen; frå val av form og farge til tekst og bilete. Vi nyttar publiseringsverktøyet WordPress, eit verktøy som gjer det enkelt for deg å oppdatere nettsida sjølv – om du ønskjer det. Mediebruket er vår tekniske leverandør, og som sørger for at du har ei trygg og stabil nettside. Dei driftar alle nettstadar som A til Å designar. Servarane ligg i  Tyskland og Finland, og straumen kjem frå vasskraft.

SEO

SEO eller søkemotoroptimalisering, handlar om å forbetre nettsida si synlegheit og rangering i søkemotorar som Google, Yahoo og liknande. Det gir deg meir trafikk til nettstaden. Gjennom fokus på relevante søkeord, innhald av høg kvalitet, bildeoptimalisering, lenkebygging og responsivt design, hjelper vi deg med å auke den organiske trafikken til nettstaden.

Sjå ulike referanseprosjekt

Er du ikkje synleg er det ingen som ser deg. Frå gode (kunde)historier, digital annonsering og nyheitsbrev til innhaldsproduksjon i sosiale kanalar. I ei verd med mykje informasjon, hjelper vi deg med å skilje deg ut og formidle ditt bodskap.

DIGITAL ANNONSERING

Med digital annonsering kan du vise fram tenestene eller produkta dine til folk der dei allereie er: på sosiale medium, Google eller nettaviser. Vi planlegg, lagar og følger opp annonsene, slik at du slepp å bruke tid på det sjølv.

Vi jobbar med:

  • Meta (Facebook og Instagram)
    Vi lagar annonsar som passar for både stories, reels og vanlege innlegg – og sørgjer for at dei blir vist til dei som kan vere interesserte i det du tilbyr.
  • Google Ads
    Vi set opp annonsar som dukkar opp når folk søkjer etter noko du tilbyr – i tillegg til bannerannonsar.
  • Bannerannonser
    Vil du få fram tenestene dine i eit spesifikt område? Eller kanskje du satsar på eit nasjonalt plan? Vi hjelper deg med å finne den rette plattformen, designar bannerannonser og har dialog med redaksjonen. Rett og slett heile prosessen frå A til Å.

SOSIALE MEDIER

Sosiale medier er effektive marknadsføringskanalar. Med relevant innhald treff du kundane dine der dei er, når det passer dei. Vi hjelper bedrifta di med drift av sosiale medier. Vi handterer alt frå strategi og innhaldsplanlegging til produksjon og publisering av innhald. Perfekt for deg som har lite tid, samtidig som du ønsker at verksemda skal være aktiv på sosiale medier.

Hos A til Å får du hjelp med både det visuelle og det praktiske når du treng informasjonsmateriale som kommuniserer tydeleg og ser bra ut. Vi leverer alt frå klassiske trykksaker til kreative profileringsløysingar:

Trykksaker og digitale dokument
Vi designar og produserer alt frå magasin og årsrapportar til brosjyrer, foldarar, flyers, visittkort og menyer. Treng du hjelp med layout og produksjon av informasjonsmateriale, rapportar eller søknader, står vi klare med erfaring og kreativitet.

Messemateriell
Skal du på stand? Vi lagar komplette messeopplevingar med roll-ups, bannere, flagg, telt og messeveggar som skil seg ut og blir lagt merke til.

Profilartiklar (merch)
Sett bedrifta di på kartet med profileringsartiklar med logo – frå klede og handlenett til kaffikoppar, termoflasker og drops. Vi har eit breitt utval og finn løysingar som passar di målgruppe.

Dekor og skilting
Gjer eit godt førsteinntrykk med profesjonell bildekor, vindusfolie og skilting – både inne og ute. Vi tilbyr skreddarsydd design til alt frå firmabilar til kontorlokale, inkludert frosting og folieløysingar.

Kort sagt: Treng du noko som skal både synast og kommunisere, så kan A til Å hjelpe deg – frå idé til ferdig produkt.

Ein visuell identitet er ansiktet til bedrifta. Kort fortalt handlar det om å gjere eit godt og heilskapleg inntrykk, der alle dei visuelle elementa bedrifta brukar står i stil med kvarandre.
LOGO
Logoen er det mest sentrale visuelle elementet i ei merkevare, sidan den er det første og mest gjenkjennelege uttrykket for bedrifta si identitet. Vi designar logoar, enten du vil fornye ein eksisterande logo eller utvikle ein helt ny logo og heilskapleg visuell profil for verksemda di.DESIGNMANUAL

Ein designmanual, eller profilhandbok, er ei samling med retningslinjer som sikrar ein konsekvent framstilling av den visuelle identiteten til bedrifta. Den fortel korleis logo, fargepalett, typografi og andre visuelle element skal brukast. Designmanualen er ei viktig verktøykasse for alle som arbeider med kommunikasjonen til bedrifta.

LOGO + DESIGNMANUAL = DEN RAUDE TRÅDEN

Poenget er å skape ein tydeleg raud tråd i alt materiell som er med på å bygge identitet og merkevare. Når alt visuelt uttrykk heng saman, kan du formidle kven du er – klart, konsekvent og truverdig. Det gjer deg lettare å kjenne igjen, og skapar tillit hos kundane dine.

Vi hjelper deg med å utvikle ein visuell identitet som både ser bra ut og fungerer i praksis – frå idé og strategi til ferdige løysingar med malar og profilhandbok.

Vi utviklar magasin for bedrifter og prosjekt som ønsker å formidle historiene sine. Du får hjelp med heile prosessen frå idé til ferdig trykk og distribusjon. Med lang erfaring innan redaksjonell design veit vi kva som skal til for å skape engasjement og levere gode leseopplevingar.
Saman finn vi dei gode historiane før A til Å intervjuar, fotograferar og skriv tekstar. Det heile blir pakka inn med typografi, design og layout i tråd med din visuelle profil slik at du kan være trygg på at innhaldet ditt blir presentert på ein profesjonell og visuelt tiltalande måte. Vi tilbyr også digitale versjonar av magasinet, i form av ein blabar karusell på nett som kan innehalde interaktive element som lenker og video, eller landingssider der redaksjonelle artiklar enkelt kan delast på sosiale kanalar.

Litt av det vi har laga

Ikkje nøl med å kontakte oss!

Saman finn vi ut kva vi kan gjere for deg og di bedrift.

Go to Top