Kunde

Idrett Uten Alkohol

Oppdrag

Nettside og kursplattform

Idrett Uten Alkohol arbeider for at idretten skal vere ein arena der alkohol ikkje skapar barrierer, utrygghet eller forventningspress. Dei driv førebyggande og haldningsskapande arbeid retta mot utøvarar, foreldra, trenarar og leiarar i idretten.

A til Å har utvikla ei ny nettside til Idrett Uten Alkohol, som fortel om arbeidet dei gjer for å engasjere fleire samarbeidspartnarar og enkeltpersonar til å bli med i arbeidet.

Fargepaletten er henta frå eksisterande logo og utvida med friske blåtonar som tilfører energi. Sida har skjema for innmelding av supportere og samarbeidspartnarar, for å bygge ein database av støttespelarar for rusfri idrett.

Her har vi bygd nettsida opp slik at det er ein låg terskel å utvide eksisterande innhald og bygge vidare på arbeidet som ligger i grunn.

Tusen takk for eit veldig kjekt og givande oppdrag!

«Vi i Idrett Uten Alkohol har vore svært nøgde med samarbeidet om ny nettside og kursplattform. Både Maria og Lotta er lette å jobbe med, kjem med gode innspel og leverer det dei lovar. Resultatet har gjort det enklare for oss å vise kven vi er og kva vi jobbar for – og ikkje minst for andre å forstå kva vi faktisk gjer, og korleis dei kan engasjere seg.»


– Marte Mandelid, prosjektleiar i Idrett Uten Alkohol