Kunde

Fokus Elektro

Oppdrag

Nettside

Fokus Elektro tilbyr smarte løysingar og tenester til privatmarknad, bygg, industri og automasjon. Dei er ein komplett leverandør av elektrotenester til både større og mindre prosjekt, både i Florø og resten av landet.

A til Å har utvikla ei ny og moderne nettside til Fokus Elektro, med fokus på å skrive gode tekstar og visualisere med gode bilete. Dette er med å tydeleggjere spekteret av tenester dei leverar og godt for søkemotoroptimalisering. Den vinraude og grå fargen er henta frå selskapets visuelle identitet og supplert med nokre lyse og friske blåtonar for å tilføre energi og visualisere at dette er ei bedrift med hovudkontor ved kysten.

Her har vi også tatt nye portrettbilde av dei tilsette til den nye kontaktsida. Besøkarar på nettsida får dermed kopla saman fjes og namn på den ein skal kontakte. Bruk av sitat frå fornøgde kundar er ein effektiv måte å fortelle at Fokus Elektro leverer god kvalitet til kundane sine. Dette er gode virkemiddel for å underbygge seriøsitet og kvalitet.

Vi har levert tjenester til Fokus Elektro i fleire år, og det er skikkeleg kjekt når kunden kjem tilbake fordi dei er nøgd med jobben. Tusen takk for eit kjempekjekt oppdrag.