
Florø er Norges vestlegaste knytepunkt, og livnærer seg av havgapet. Dette er viktig å få fram. Saman med Flora Industri- og Næringsforening laga vi HAVmagasinet. Det gir deg siste nytt og viktig innsikt på kva som røyrer seg i HAVgapet Florø.
I Florø lever vi ved og av havet, og nettopp på grunn av det vart kystbyen etablert. Visste du for eksempel at:
– Buesalmon skal tilsette fleire folk på hovedkontoret i Florø?
– E. Karstensen Fiskeoppdrett og Marø Havbruk investerar over 100 millionar i nytt utstyr?
– Multi Maritime har designa godsskip som går på både ammoniakk og diesel?
Dette er eit lite utdrag av gode historier frå spennande bedrifter i havgapet. I HAVmagasinet får du siste nytt og viktig innsikt om næringslivet rundt havgapet i Florø. Vi har lokale bedrifter som jobbar på internasjonal skala og det må framsnakkast.