https://www.bjercken.no/

Kunde / oppdrag

Boluda Towage Norway

Oppdrag

Nettside med språkfunksjon
Trykksaker

Resultat

Boluda Towage Norway har som visjon å vere ein leiande leverandør av taubåttenester og levere førsteklasses slepetenester til kundane sine. Med hovudkontor i Florø, tilbyr Boluda Towage Norway eit breitt spekter av tenester. Dette omfattar hamnebuksering, offshoreoperasjonar, riggflytting, langdistansesleping og bergingsoppdrag. No er dei ein del av verdens største taubåtkonsern, med meir enn 850 taubåtar i drift og virksomhet i 232 hamner på fem kontinent.

I forbindelse med namneendring til Boluda Towage Norway, trengte dei ein ny nettside. Løysinga har språkfunksjon og er tilgjengeleg både på norsk og engelsk, som gjer nettsida tilgjengeleg for eit breiare publikum. Det er lagt vekt på søkemotoroptimalisering, og A til Å har jobba heilskapleg med både struktur, innhald og det tekstuelle for å sikre god synlegheit i søkemotorar.

I tillegg har vi levert roll-up og kalender for 2026 i den nye profilen.

Boluda Towage Norway har over lengre tid vore ein kunde hos A til Å, og vi set pris på tilliten vi får hos kunden.

Sjekk ut det ferdige produktet på boluda.no.

«Den nye nettsiden vår, Boluda.no, er et resultat av førsteklasses arbeid fra utviklerene i A til Å. De har levert en moderne og svært brukervennlig løsning som gjør det enkelt å finne informasjon om vår flåte, våre tjenester og våre kontaktpersoner. Nettsiden løfter Boluda Towage Norway AS digitalt og gjenspeiler profesjonaliteten vi står for.»

Martin Olsen, Managing Director