Kunde

Sogn og Fjordane fylkeskommune

Oppdrag

Profilering for Kringom

Resultat

Foliering buss og busskort

A til Å har utvikla design for både dei vanlege bussane og bybussane til Kringom. Oppdraget handla om å gi Kringom eit tydelegare og meir gjenkjenneleg uttrykk, samtidig som designet skulle vere funksjonelt og tilpassa ulike busstypar.

Bybussane har fått eit sprekt visuelt uttrykk, med fargar og former som skil seg ut og skapar merksemd i bybiletet. Dei fungerer som eit friskt pust i kvardagen, og skal bidra til å gjere kollektivtrafikken meir synleg. For dei vanlege bussane har vi valt eit roleg, men framleis gjenkjenneleg design.

Busskorta til Kringom har fått eit løft med visuelle utsnitt frå den spreke bybussen. Fargenyansar skil dei forskjellige korta frå kvarandre, samtidig som dei har ein visuell raud tråd.