Origod støttar menneske inn i arbeidslivet og tilbyr folk og tenester til lokalt næringsliv. Målet er å hjelpe folk tilbake i arbeid og skape en meningsfull kvardag for menneske som har stått utanfor arbeidsmarknaden. Attføringsbedrifta har over lang tid vore kunde hos A til Å, og det givande for oss å jobbe med slike samfunnsaktørar.
I forbindelse med 50 års feiringa til Origod fekk A til Å oppdrag i å lage eit magasin som formidlar historia til bedrifta og ringverknadane av det arbeidet dei gjer. I magasinet blir vi kjent med Annanias Batalden, ein føregangsmann for å betre kåra for funksjonshemma på Vestlandet, historia til Origod og menneska som får hjelp og som hjelper dei.
Det er A til Å som har stått for utviklinga av nettsida til Origod – origod.no. Med fokus på brukartilpassing, universell utforming og eit moderne design, har vi laga ei løysing som speglar verdiane og samfunnsoppdraget til Origod. Nettsida er enkel å navigere, tilgjengeleg for alle – og gir eit tydeleg innblikk i kven Origod er, og kva dei tilbyr.
Nye, flotte bilder tatt av Photoevent.