
Vil du bli ein del av eit lite og kreativt byrå?
A til Å jobbar strategisk, kreativt og effektivt med prosjekt for kundane våre i ulike bransjar, dei fleste er lokale, men òg nokre nasjonale. Byrået er det eldste i Sogn og Fjordane, og tilbyr tenester som spenner frå grafisk design og visuell identitet, reklame og innhaldsproduksjon til utvikling av nettsider og magasin. Vi er eit uavhengig, lite og fleksibelt designstudio med triveleg kontor i hjartet av Florø.
Vi søker no etter eit hyggeleg og kreativt menneske som brenn for merkevarebygging, god design, problemløysing og innhaldsproduksjon. Har du lyst til jobbe med oss?
Hos A til Å får du:
- Vere med å forme et byrå i hjartet av Florø
- Jobbe med spennande kundar innan mange ulike bransjar
- Ein kvardag med mykje ansvar og fleksibilitet
- Sette ditt eige preg på arbeidskvardagen
- Knakande kjekke kollegaer som brenn for godt innhald
- Sjansen til å bli medeigar i eigen arbeidsplass
Ei vanleg arbeidsveke hos oss er veldig variert – du vil kanskje:
- Intervjue nokon, skrive ein artikkel og fotografere
- Planlegge og produsere innhald til nettsider og sosiale kanalar
- Designe og utvikle ei nettside
- Vere i kundemøter – og pitche en idé
- Sette opp trykksaker i InDesign
- Designe ein logo og utvikle ein ny visuell profil
- Jobbe med annonsering i Meta og Google
Vi trur at du:
- Skriv godt, både på nynorsk og bokmål
- Har eit auge for godt design
- Har erfaring med nettsider og publiseringsverktøy
- Har interesse for digital marknadsføring og merkevarebygging
- Blir motivert av å få bidra til å utvikle byrået vidare
- Er sjølvgåande, strukturert og initiativrik
- Likar å jobbe i team
- Likar å snakke med kundar og er proaktiv
Kjenner du deg igjen og syns det høyrest spanande ut? Då vil vi gjerne høyre frå deg. Send søknad, CV og nokre ord om deg sjølv til dagleg leiar: lotta@atilaa.no.