Magasin2025-06-02T13:42:52+02:00

Magasin

Ein god måte å bygge merkevare på

Eit magasin kan vere eit kraftfullt verktøy for å styrke merkevara til bedrifta di. I ei tid der den digitale utviklinga går raskt og vi blir eksponert for digitalt innhold overalt, ser vi at stadig fleire går tilbake til fysiske bøker og magasin når dei vil lese innhald.

Magasin er god ein arena til å løfte fram gode historier frå kvardagen og bygge tillit gjennom engasjerande innhald. Ved å ha magasin liggande på arbeidsplassen, dele dei ut til kundar og potensielle tilsette på messer, synleggjer du merkevara di på ein profesjonell og engasjerande måte. Sidan innhaldet allereie er produsert kan det enkelt gjenbrukast som aktueltsaker på heimesida, og få maksimal effekt av det innholdet du allereie eig.

Digitalt eller fysisk?

Eit magasin kan distribuerast på fleire måtar – både fysisk og digitalt. Den digitale versjonen er lett tilgjengeleg, medan papirutgåva inviterer lesaren til å dykke ned i innhaldet. Mange vel ein kombinasjon for å få det beste frå to verder. Kva som passar best, kjem an på målgruppa og bodskapen.

Vi gjer det enkelt for deg – frå idé til trykk.

Det viktigaste for oss er at dette skal vere enklast mogleg for deg. Derfor hjelper vi deg med heile prosessen – frå idéstadiet til magasinet er trykt og distribuert slik du ønsker det.

Slik gjer vi det

1. Finansiering

Det finst fleire måtar å finansiere eit magasin på. Du kan velje full eigenfinansiering, la relevante samarbeidspartnarar bidra med annonser, eller kombinere desse for å dekke kostnadene. Vi hjelper deg med å finne den løysinga som passar best.

2. Design & innhald

Vi er tett på næringslivet, kjenner aktørane godt og veit kvar dei gode historiene er. Saman finn vi det som bør løftast fram, og vi tek han om alt frå intervju, foto og skriving til design og layout. Resultatet blir eit magasin som formidlar merkevara di med truverd.

3. Distribusjon

Ønskjer du å få magasinet distribuert som innstikk i lokalavisa, distribuert gjennom Posten, digital annonsering av magasin eller kanskje berre ha det til utdeling på messer og stand. Vi har eit solid nettverk og finn rett løysing til deg.

Eksempel på magasin

Go to Top