Kunde

Idrett Uten Alkohol

Oppdrag

Nettside og kursplattform

Idrett Uten Alkohol arbeider for at idretten skal vere ein arena der alkohol ikkje skapar barrierer, utrygghet eller forventningspress. Dei driv førebyggande og haldningsskapande arbeid retta mot utøvarar, foreldra, trenarar og leiarar i idretten.

A til Å har utvikla ei ny nettside til Idrett Uten Alkohol, som fortel om arbeidet dei gjer for å engasjere fleire samarbeidspartnarar og enkeltpersonar til å bli med i arbeidet.

Fargepaletten er henta frå eksisterande logo og utvida med friske blåtonar som tilfører energi. Sida har skjema for innmelding av supportere og samarbeidspartnarar, for å bygge ein database av støttespelarar for rusfri idrett.

Her har vi bygd nettsida opp slik at det er ein låg terskel å utvide eksisterande innhald og bygge vidare på arbeidet som ligger i grunn.

Tusen takk for eit veldig kjekt og givande oppdrag!