https://www.bjercken.no/

Kunde / oppdrag

Jotunet Florø

Oppdrag

Nettside, trykksaker

Resultat

På Jotunet i Florø kan du oppleve atelieret og heimen til kystkunstnaren Bjørn Hegranes (1926 – 2011). Han var ein nasjonalt kjend kunstnar i si tid, og fleire av utsmykkingane og kunstverka hans er å sjå i mange offentlege samlingar.

Nettside

På vegne av foreninga Jotunet Florø har A til Å utvikla ei informativ nettside som fortel om kunstnaren Bjørn Hegranes, korleis ein kan oppleve Jotunet og bli Jotunetvenn. For å informere fleire om Jotunet og Jotunetvenn, har A til Å utforma ei informasjonsbrosjyre. Den inneheld info om kunstnarheimen og atelieret, med plass til tre typiske Florø-motiv trykt på matt og syrefritt papir i 250 gram og er klare for å rammast inn til heimen.

Kunstustilling

I 2026 ville Bjørn Hegranes fylt 100 år og det blei markert med ei kunstutstilling som løftar fram ein av dei store kunstnarane frå Florø. Vi er stolt av å ha bidrege med roll-ups, skilt med nummer, brosjyre, utstillingsliste og Facebook-arrangement til utstillinga.

Sjekk ut den nye nettsida til Jotunet – hegranes.no.