NBN Elektro er det eldste elektrikerbyrået i Florø og leverer tenester til både private og næringsaktørar. No har dei fått seg ei ny nettside. Nettsida har som mål å spegle ei moderne elektrobedrift og fungere like godt for privatkundar som treng ein elektrikar raskt, som for bedrifter og offentlege verksemder som skal inn i større prosjekt.
I tillegg til nettside har A til Å utforma profileringsmateriale som skal brukast i samanheng med rekruttering. NBN Elektro har fått ein folder med informasjon om bedrifta og som skal engasjere både potensielle lærlingar og ferdig utdanna elektrikarar til å velje NBN Elektro som sin arbeidsplass.

