Sjøprodukt AS er ein lokal operatør av spesialiserte servicefartøy, med base i Kalvåg på vestkysten av Noreg. Sidan etableringa i 2018 har dei vakse til eit team på rundt 50 medarbeidarar, og leverer havbruksrelaterte tenester langs kysten.
A til Å Grafisk Design og Media har laga ei ny nettside til Sjøprodukt, som viser fram tjenestene dei leverer og flåten dei opererer. Kvart fartøy har eigne sider med spesifikasjonar slik at det er enkelt for kundar å finne ut kva båt som passar best til operasjonen dei ønsker å få bistand med.
Samtidig har logoen fått seg eit lite løft, med ny fargepalett og en variant som fungerer på alle flater. Det er ein fin måte å fornye seg på samtidig som ein beheld sine kjenneteikn.
Tusen takk for et veldig kjekt oppdrag!
Original logo

Fornya logo

